(04.11.10 - 09:54) Høgskulen i Bodø er inne i ein viktig fase i arbeidet med å etablere Universitetet i Nordland. Søknaden om universitetsstatus var til handsaming i styret for høgskulen 18. august 2009.
Søknaden om akkreditering av Høgskulen i Bodø som universitet vart send til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) 8. september 2009. 27.-28. april 2010 gjennomførte fagkomiteen i NOKUT intervju og orienterande undersøkingar ved Høgskulen i Bodø. Den 30. juni 2010 gjorde NOKUT sin fagkomité det offentleg kjend at Høgskulen i Bodø tilfredsstiller kriteria for å kunne bli akkreditert som universitet. Den 16. september 2010 vedtok styret i NOKUT at Høgskulen i Bodø akkrediteres som universitet. fra www.hibo.no