Klikk her for informasjon om Studieguiden.no Klikk her for informasjon om annonsering på Studieguiden.no Klikk her dersom du ønsker å bli partner av Studieguiden.no Telefon: 33 32 95 28 Trykk her for å epost: post@studieguiden.no



 
 
 
 
 

 
  Hovedside  /  Samorda opptak: Regelendringar 2009
 

Søk etter studie



1881







 
Samorda opptak: Regelendringar 2009

(20.11.08 - 19:41) Her finn du dei nye reglane som gjeld frå opptaket 2009.



Kunnskapsløftet
Våren 2009 blir det første kullet uteksaminert frå Kunnskapsløftet i vidaregåande skole. I samband med det har Kunnskapsdepartementet kunngjort ny Forskrift om opptak til høyere utdanning som gjeld frå studieåret 2009-2010, datert 31. januar 2007. Oppdatert forskrift finst på lovdata. Informasjon om timetal og fagsamansetning på departementet sine sider.

Generell studiekompetanse
Utdanningsløp

I tillegg til dei utdanningar som no gjer generell studiekompetanse vil òg enkelte utdanningsløp i Kunnskapsløftet gje generell studiekompetanse. Oversikt over kva for utdanningsløp som gir generell studiekompetanse, samt tilbodsstrukturen i Kunnskapsløftet pr. 18.01.2008 finst på departementet sine sider (PDF-fil).

Fagkrava

Dei obligatoriske fagkrava blir dei same, men samfunnsfag/historie og matematikk får utvida omfang.

Tabellen under viser krava for søkjarar frå Kunnskapsløftet med faktiske timetal samanlikna med krava for søkjarar frå Reform 94.

Søkjarar med beståtte fag frå Reform 94, får godkjent faga etter overgangsreglane i kapittel 9-1 i forskrifta.

Kunnskapsløftet
Studiespesialiserande utdanningsprogram  Reform 94
Studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag 
norsk  393 årstimar  norsk  14 veketimar 
engelsk  140 årstimar  engelsk  5 veketimar 
historie  140 årstimar  nyare historie  4 veketimar 
samfunnsfag  84 årstimar  samfunnslære  2 veketimar 
matematikk  224 årstimar  matematikk  5 veketimar 
naturfag  140 årstimar  naturfag  5 veketimar 

23/5-Regelen

23/5-regelen blir vidareført med ei endring: Kravet om 5 års yrkespraksis/utdanning kan frå 2009 dekkjast med 5 års utdanning, mens ein tidlegare måtte dokumentere minst eit halvt års arbeidspraksis innafor 5-årskravet.

Fullført fagskoleutdanning

Søkjarar som har fullført 2-årig fagskoleutdanning godkjent etter lov av 20. Juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning, får generell studiekompetanse under føresetnad av at søkjarane i tillegg oppfyller kravet i norsk.

Poengutrekning
Skolepoeng

Karakterpoenga vil bli rekna ut på grunnlag av alle karakterane på vitnemålet. Det vil ikkje lenger bli rekna middelverdi av fag med fleire karakterar.

Fordjupingspoeng vil ikkje lenger bli gitt. Det gjeld òg for søkjarar med utdanning frå Reform 94 og ordingar før Reform 94.

Realfagspoenga blir reduserte frå 6 til 4. Det vil bli gitt 1 realfagspoeng for faga matematikk R2 og fysikk 2 i Kunnskapsløftet, for 3MX og 3FY i Reform 94 og tilsvarande fag frå ordningar før Reform 94. Andre realfaglege fordjupingar gir 0,5 poeng pr fag. Sjølv om det er mogeleg å ta realfag som ved summering gir meir enn 4 poeng, vil det vere eit tak på 4 realfagspoeng.

Alle programfag frå programområdet for realfag frå Kunnskapsløftet med minimum 140 årstimar vil gi realfagspoeng. Sjå tabellen under for oversikt over fag frå Kunnskapsløftet og Reform 94 som vil gi realfagspoeng.

Fagområde  Programfag

Kunnskapsløftet
 Studieretningsfag

Reform 94
 Realfags-

poeng
 
Matematikk  Matematikk R1  Matematikk 2MX  0,5 
   Matematikk R2  Matematikk 3MX  1 
   Matematikk S1  Matematikk 2MY/2MZ  0,5 
   Matematikk S2  Matematikk 3MZ/3MY  0,5 
Fysikk  Fysikk 1  Fysikk 2FY  0,5 
   Fysikk 2  Fysikk 3FY  1 
Kjemi  Kjemi 1  Kjemi 2KJ  0,5 
   Kjemi 2  Kjemi 3KJ  0,5 
Biologi  Biologi 1  Biologi 2BI  0,5 
   Biologi 2  Biologi 3BI  0,5 
Geofag  Geofag 1  -  0,5 
   Geofag 2  -  0,5 
Informasjonsteknologi  Informasjonsteknologi 1  Brukersystemer 1A  0,5 
   Informasjonsteknologi 2  Systemutvikling 2A  0,5 
Teknologi og forskningslære  Teknologi og forskningslære 1  -  0,5 
   Teknologi og forskningslære 2  -  0,5 

Tilleggspoeng

For militær-/sivilteneste eller folkehøgskole eller 60 studiepoeng/1 års høgare utdanning frå universitet eller høgskole vil tilleggspoenga bli reduserte frå 3 til 2. Fullført halvårig studium eller 30 studiepoeng (10 vekttall) gir 1 poeng.

Kvote for førstegongsvitnemål/primærvitnemål

Primærvitnemålskvota på 40 % blir erstatta av kvote for førstegangsvitnemål på 50 %. Kriteria for førstegangsvitnemål er gitt i forskrift til opplæringslova, § 4-31a.

Dette inneber at søkjarar med vitnemål frå Kunnskapsløftet, kan konkurrere i kvoten for førstegangsvitnemål berre med vitnemålet dei får etter avslutta 3-årig skolegang. Fag som blir tatt etterpå vil berre telje i ordinær kvote.

Søkjarar med primærvitnemål frå Reform 94 vil konkurrere i kvoten for førstegongsvitnemål etter dei gamle reglane for primærvitnemål til og med året dei fyller 21 år. Dei kan altså ta nye fag som utløyser realfagspoeng eller som skal dekkje spesielle opptakskrav og få desse rekna i primærvitnemålskvoten.

Medisinstudiet

Opptak til medisinstudiet vil få same reglar for tilleggspoeng som andre grunnutdanningar, sjå Opptakssentralen Medisin sine nettsider.

Endringar i spesielle opptakskrav
I den nye forskrifta viser dei spesifikke fagkrava til faga slik dei finst i studieførebuande utdanningsprogram i Kunnskapsløftet.

· Krav om 3MX og 3MY i gjeldande forskrift blir vidareført som krav om matematikk R1 + R2

· Krav om 3MZ og 2MY blir vidareført som krav om matematikk S1 + S2

· Krav om matematikk 2MX blir vidareført som krav om matematikk R1

· Krav om 2MZ blir vidareført som krav om matematikk S1

· Krav om 2KJ blir vidareført som krav om Kjemi 1

· Krav om 3KJ blir vidareført som krav om Kjemi 1 + Kjemi 2

· Krav om 2FY blir vidareført som krav om Fysikk 1

· Krav om 3FY blir vidareført som krav om Fysikk 1 + Fysikk 2

· Krav om 2BI blir vidareført som krav om Biologi 1

· Krav om 3BI blir vidareført som krav om Biologi 1 + Biologi 2

For studium der det ikkje er endringar, vil søkjarar som fylte krava med fag frå Reform94 òg vere kvalifiserte i 2009.

For studium med kravkoden REALFA vil fordjuping i alle nye programfag i programområde for realfag (Informasjonsteknologi 1+2, Geofag 1+2 og Teknologi og forskingslære 1+2) vere alternative fagkrav utover det grunnleggjande matematikkravet; matematikk R1 eller matematikk S1+S2.

Nokre studium vil få strengare opptakskrav frå og med opptaket til studieåret 2009/2010. Desse endringane gjeld for alle søkjarar, òg dei som har avslutta vidaregåande opplæring i Reform94 og tidlegare.

Reseptarutdanning/(bachelor i farmasi):

Matematikk R1 eller Matematikk (S1+S2) blir obligatorisk for alle søkjarar. I tillegg må dei ha eitt av faga Biologi 1 eller Fysikk 1 eller Kjemi 1.

Integrerte masterstudium i informatikk (studieretningane: Avbilding, Nano- og mikroelektronikk, Robotikk og intelligente system og Simulering og visualisering) ved Universitetet i Oslo:

I tillegg til matematikk (R1 eller S1+S2) som gjeld i 2008 må alle søkjarar ha Fysikk 1 frå og med opptaket til studieåret 2009/2010.

Integrerte masterstudium i samfunnsøkonomi:

Matematikk R1 eller Matematikk (S1+S2) blir spesielt opptakskrav for alle søkjarar.

Integrerte 5-årige lærarutdanningar (lektor- og adjunktprogram):

Frå og med opptaket til studieåret 2009/2010 blir det krav om minimum 35 skolepoeng og karakteren 3,0 i norsk og 3,0 i matematikk. For lærarutdanningane i realfag er det òg krav om realfag slik som no, men utan karakterkravet i matematikk over.

Yrkesfaglærarutdanningane:

I tillegg til dei gjeldande krava for dei ulike yrkesfaglærarutdanningane, blir det stilt krav om autorisasjon ved opptak dersom det er krav om autorisasjon for å praktisere i yrket.

Konsekvensar av dei nye reglane
Tal på tilleggspoeng blir redusert frå 11 til 10. For medisinstudiet blir tilleggspoenga reduserte frå 12 til 10. I tillegg blir maksimum realfagspoeng redusert til 4 poeng og fordjupingspoenga forsvinn.

Det er viktig å hugse på at desse endringane gjeld for alle søkjarar. Sidan maksimum skolepoeng blir redusert, vil krava til karakterar auke til dei studium som har krav om ein lågaste skolepoengsum, til dømes lærarutdanningane.

Det er sannsynleg at poenggrensene blir lågare i 2009 samanlikna med 2008. Vi minner jamvel om at poenggrensa kvart år blir avgjorte av talet på studieplassar, talet på søkjarar til kvart studium og poengsummane deira.

fra www.samordnaopptak.no

 



 

  


 
Ingen hendelser
denne måneden

<< Mai 2013 >>



     

Velkommen til Norges Informasjonsteknologiske Høgskole

 
Utvikling: Voca | Design: EDB Totalpartner AS