Klikk her for informasjon om Studieguiden.no Klikk her for informasjon om annonsering på Studieguiden.no Klikk her dersom du ønsker å bli partner av Studieguiden.no Telefon: 33 32 95 28 Trykk her for å epost: post@studieguiden.no



 
 
 
 
 

 
  Hovedside  /  Nytt studium:Bachelorprogram i nanoteknologi
 

Søk etter studie



1881







 
Nytt studium:Bachelorprogram i nanoteknologi

(12.04.07 - 14:39) Bachelorprogrammet i nanoteknologi fører fram til graden bachelor i naturvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Fagleg innhald
Teknologiske nyvinningar har gjort det råd å måle og systematisk endre strukturar og prosessar som skjer på ein skala frå 0,1 til 100 nanometer. Dette opnar for heilt spesielle eigenskapar som ofte er styrt av kvantemekanikken sine lover. Medan nanovitskapen er oppteken av korleis ein kan oppnå ønskte eigenskapar gjennom manipulasjon på nanometer-skala, handlar nanoteknologi om praktisk utnytting av material, strukturar og komponentar basert på nanovitskap. Studiet gir teoretisk forståing og praktisk kompetanse innan den naturfaglege basisen for nanoteknologi. Vidare får studentane ei innføring i det særmerkte for nanovitskap og nanoteknologi gjennom døme og arbeid på moderne laboratorium.

Læringsutbyte
Studiet skal gi deg ein tverrfagleg basis innan fysikk, kjemi, molekylærbiologi og matematikk samt ei forståing av kva nanoteknologi er og korleis det spring ut av og krev eit tverrfagleg samarbeid mellom disiplinane. På den eine sida skal du tilegne deg kunnskap om relevante teoriar, modellar for forståing og metode innanfor dei basale naturfaga. På den andre sida skal du oppnå tverrfaglege ferdigheiter i å gjere bruk av denne kunnskapen i analyse av nanovitskaplege prinsipp og i eigen praksis på laboratorium og matematisk modellbygging
Oppbygging
Bachelorprogrammet i nanoteknologi inneheld 130 studiepoeng spesialisering innan nanoteknologi, grunnleggjande naturfag (molekylærbiologi, kjemi, fysikk) og matematikk. Dei resterande 50 studiepoenga inkluderer ex.phil. samt fire valfrie fag.

Studiet tek til med innføringsemne i kjemi og matematikk, samt ex.phil. Kjemiemnet byggjer på forkunnskapar tilsvarande 3KJ frå VGS. Emnet introduserer ulike energiomgrep og brukar dei til å forklare oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til kjemiske stoff frå eit fysikalsk perspektiv. Det er laboratoriekurs i dette emnet.

I det andre semesteret møter du nanoteknologi gjennom emnet "Perspektiv i nanovitskap og &ndash:teknologi". Her blir det særmerkte for nanovitskap og nanoteknologi vist av ei rad inviterte føredragshaldarar, samt deltaking i forskingsgrupper som arbeider innan nanovitskap. Dette semesteret byr også på startemnet i molekylærbiologi som presenterer dei viktigaste molekylære byggjesteinane i ei levande celle, frå dei enkle aminosyrene til biologiske makromolekyl som protein og DNA. Dei to første semestera inneheld også kvar sin halvdel av eit grunnkurs i funksjonslære og differensialrekning &ndash: kalkulus &ndash: som utgjer eit viktig grunnlag for fysikk- og kjemiemna i dei påfølgjande semestra.

I det tredje semesteret blir kjemi vidareført gjennom ein systematisk gjennomgang av dei ulike grunnstoffa i naturen, som utgjer det grunnleggjande "alfabetet" både innan kjemi og nanovitskap. Molekylærbiologi blir også vidareført i emnet "Metabolisme: reaksjonar, regulering og kompartmentalisering", som fokuserer på cellebiologi. Parallelt med dette møter du fysikk for første gong, med vekt på klassisk mekanikk. Dette skjer anten ved å følgje emnet "Grunnkurs i mekanikk og varmelære" eller "Mekanikk 1". Det første av desse emna gir saman med "Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk" ei innføring i grunnleggjande fysikk for ikkje-fysikarar. "Mekanikk 1" gir i kombinasjon med "Elektromagnetisme og optikk" ein god start for vidare studiar i fysikk.

Fjerde og femte semester inneheld mellom anna kvart sitt nanoteknologiske emne. Medan det første av desse gir ei innføring i nanoteknologi med vekt på samanhengen mellom praktiske tillempingar og basale prosessar på nanometerskala, er det andre eit laboratorieemne der du arbeider med nanoteknologiske problemstillingar henta frå fysikk, molekylærbiologi og kjemi

Døme på studieveg:

6. semester
Val

5. semester
Nanostrukturerte material
Grunnkurs i programmering/Elementær statistikk
Val

4. sesmester
Innføring i nanoteknologi
Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk
Val

3. semester
Kjemien til grunnstoffa
Grunnkurs i mekanikk og varmelære
Metabolisme

2. semester
Perspektiv i nanovitskap og teknologi
Grunnkurs i matematikk II
Innføring i molekylærbiologi

1. semester
Ex.phil.
Kjemi og energi
Grunnkurs i matematikk I

Utveksling
Det er lagt opp til at du kan ta 6. semester i studiet utanlands. Tilrettelagde opplegg er under utarbeiding.
Yrkesvegar
Med utdanning innan nanoteknologi/nanovitskap vil du blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar: forsking, teknologisk industri, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting. Med ein bachelorgrad i nanoteknologi har du eit godt grunnlag for å gå vidare på masterstudium i nanovitskap. Dersom du avsluttar studiane etter fullført bachelorgrad, er det breidda i realfagsbakgrunnen som er ditt største konkurransefortrinn.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha realfagskravet: http://studere.uib.no/realfagskrav

Tilrådde forkunnskapar
Det er tilrådd å ha 2FY + 3KJ + 3MX
Poenggrense ved siste opptak
Nytt studium
Antall studieplassar
20 (talet på studieplassar kan bli justert).
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
 Meir informasjon om studieprogram se www.uib.no

 

 



 

  


 
Ingen hendelser
denne måneden

<< Mai 2013 >>



     

Velkommen til Norges Informasjonsteknologiske Høgskole

 
Utvikling: Voca | Design: EDB Totalpartner AS